Bilder fra Bringsvær leirskole 2011

Foto: Bringsvær leirskole

 

Horpestad og Mosby uke 21

26. mai 2011

Hei, me har vore her i snart 4 dager, me har hatt det kjempe kjekt. Til tross for veldig mye vær har me hatt kjekt program dagen lang. Me har blitt kjent med ein ny klasse, Mosby og opplevd mykje. Me har også lært om naturen og været.

Reisen vår starta tidleg mandags morgen på Bryne togstasjon. Etter tog i 3 timer så buss i 1 time var me endeleg framme. Programet starta med og fordele romma og gjere dei klar til kvelden. Etter kvart hadde me møte i peisstova og seinare god middag. Til slutt tok me kvelden etter ein lang dag. Neste dag var det tidleg opp og ete frukost. Denne dagen bruka me på og fiske og lage den klar til steiking for å så ete den. Me fekk 82 ørret og ein som var 800gr. Etter fisken hadde me kano bingo. Litt stampbading på kvelden etter middag. Den tredje dagen var me på topptur og besøkte ein gard. På garden var det masse storfe og andre fine dyr. Turen gjekk vidare til Ropstadknuten med ein fantastisk utsikt. Når me kom heim igjen bada me litt før me endeleg fekk kvile etter ein strevsom og fin dag. I kveld kan alle som vil sove i lavvo det blir kjekt. I morgen resiser me heim igjen etter fem fantastiske dager her på bringsvær. Det kjekkaste var nok bading og kano :D Takk for oss.

Helsing 7.trinn Horpestad skule.